Søknad sendes innen 15. mai til professor Roy Krøvel ved OsloMet og med kopi til Anders Graver Knutsen og daglig leder John Bones i SKUP.
Dette er utlysningsteksten:
"I samarbeid med SKUP søker vi 1 til 3 gravejournalistiske utfordringar som kan løysast med kunstig intelligens eller datavitenskap. Ressurssenteret for undersøkande datajournalistikk og «Journalistikk-satellitten» av Nordic Center for Sustainable and Trustworthy Artificial Intelligence (NordSTAR) har forskarar som skal arbeide med kunstig intelligens i journalistikk. Arbeidet vert leia av professorane Anis Yazidi og Pedro Lind (leiarar av NordSTAR), leiar av OsloMet AI Lab, Gustavo Mello , Roy Krøvel (professor i journalistikk) og Anders Graver Knudsen (prosjektleiar).
Vil du vite meir? Kontakt Roy Krøvel. royk@oslomet.no telefon 67 23 83 27, eller Anders Graver Knudsen amkn@oslomet.no telefon 67 23 83 34
Søknaden må innehalde:
- Forklaring på kva data som skal brukas i prosjektet
- Eventuelle hypotesar/forskingsspørsmål
- Foreløpig vurdering av arbeidsomfang, for eksempel talet på dagsverk (me vil i fellesskap lage ein meir detaljert plan viss prosjektet blir godkjent)
- Eventuelle interne ressursar som står til disposisjon
Frist: 15. mai 2022.
Det vil verte gjennomført intervju med dei beste søkarane før prosjekta vert tildelt ressursar.
I tildelinga vil vi legge vekt på om prosjekta er vesentlege og realistiske å gjennomføre. Prosjekta bør medverke til å utvikle nye metodar i datajournalistikk.
Redaksjonane må regne med en eigendel. For riksdekkande media krevst 50 % eigendel, for mellomstore og små redaksjonar krevst 25% eigendel for å gjennomføre prosjekta.
Du beheld naturlegvis alle rettar til dine data og dine saker. Vårt mål er å utvikle nye journalistiske metodar basert på kunstig intelligens som kan kome alle journalistar (og andre) til gode.
OsloMets ynskje er å publisere opent metodar, program etc. som kan komme journalistar, studentar og utviklar til gode."