Stiftelsen for en Kritisk og Undersøkende Presse

SKUP 12-14. APRIL 2024

2024/04/12 16:00:00
Countdown placeholder
Nedtelling
Lokal graving
GRAVERE: Glåmdalen, med eit opplag på i overkant av 14.000, er den minste avisa som har sendt inn metoderapport til SKUP 2019. Frå venstre: Fotograf Robert Eik, journalist Sigmund Fossen, digitalredaktør Per-Erik Stømner, ansvarlig redaktør Thor Sørum-Johansen og nyhetsredaktør Terje Sundby. Foto: Benedicte Bratås

Færre bidrag frå små aviser

Ein gjennomgang av metoderapportane til SKUP frå 1999-2019 syner at bidraga frå dei mindre avisene har gått ned dei siste åra. I 1999 var det ingen, medan toppåret 2008 hadde ni bidrag.

Av JOAR VATLESTAD

Basert på opplagstal for 2017 er Glåmdalen (14.257), Dagsavisen (18.684) og Tønsbergs Blad (21.161) dei minste avisene som har levert metoderapportar til SKUP-konferansen i år. Definisjonen av lokalavis kan vera vanskeleg, men styreleiar i Landslaget for lokalaviser, Tomas Bruvik, meiner det ikkje er nokon lokalaviser med i årets SKUP.

Programmet for SKUP 2019 har mange tilbod for dei som vil grave lokalt, og påmeldinga skjer her.

- Ein konkurrerer med alle dei store, og om ein ikkje har sjølvtilliten på plass så blir SKUP litt for stort for mange, seier Bruvik. SKUP har også kollidert med landsmøtet til lokalavisene dei siste årene, noko Bruvik trur har bidrege til låg deltaking blant medlemmane hans.

 

 

 

Bruvik LLA

LLA-LEIAR: Styreleiar i Landslaget for lokalaviser, Tomas Bruvik.

Metodikk til gjenbruk

Eit langvarig ynskje om å gje lesarane djupare innsikt i lokalsjukehuset, starta eit stort prosjekt i avisa Glåmdalen, som over ein månad publiserte ei rekkje saker frå lokalsjukehuset (3).
- Me diskuterte ulike varianter, men landa på at me ynskte å flytta inn på sjukehuset over ein lengre periode og følgja dagleglivet. Planen var å ta avdeling for avdeling, men me fikk så god kontakt med pårørande og sjuke at prosjektet dreia meir over mot å fortelja gjennom ulike case. Det blei ein meir menneskeleg framstilling enn me hadde tenkt i utgangspunktet, seier redaktør Thor Sørum-Johansen.

Glåmdalen valte å bruka ein frilansar som "fluga på veggen" på sjukehuset.
- Me valte ein me kjenner frå før, Robert Eik. Det var ei medviten handling å bruka ein frittståande til jobben, slik at han skulle bli slukt av daglege gjeremål, seier redaktøren.

Glåmdalen gjekk laus på den største institusjonen i område med ei gong. Metodikken har dei også brukt på fotballaget, og dei planlegg liknande prosjekt.
- Det var eit arbeidskrevjande prosjekt, men utruleg givande. Som lokalavis synte me at med planlegging og medviten ressursprioritering, kan me få til eit så pass stort løft. Me er også kjent med at andre har lete seg inspirera, seier Sørum-Johansen.

Avklaringar og forventningar

Før Glåmdalen flytta inn på sjukehuset måtte det gjerast ein del forarbeid.
- Me hadde ein avtale med sjukehuset om at dei skulle bli vist materialet før publisering, som var heilt uproblematisk. Fotografen skreiv under tausheitserklæring, og brukte samtykkeskjema som pasientar og pårørande skreiv under på når dei kunne det. Eg opplevde at me klarte å få spelereglane avklart, og at me klarte å etablera eit tillitsforhold med sjukehuset. Sjølv om det kosta ein del så var det verd det, seier Sørum-Johansen.

Redaktøren skulle gjerne ynskja seg fleire bidrag frå mindre aviser på SKUP.
- Eg trur mange tenker vegen opp og fram er veldig lang. Det blir gjort mykje god journalistikk rundt om i landet, og det burde finnast fleire prosjekt som hadde tålt ei vurdering. Me trur ikkje med vinn sjølve SKUP-prisen, men at prosjektet er godt nok til å få ei vurdering, seier Sørum-Johansen, og held fram:
- I ein relativt liten redaksjon så må ein prioritere eit slikt prosjekt opp mot andre ting. Me enda opp med å bruka to månadar, så ein må bestemma seg for at dette er noko ein vil prioritere.

På heimebane

I sjiktet over Glåmdalen finn ein i år Dagsavisen, med “Søgnenvarselet” og Tønsbergs Blad, som har SKUP på heimebane. Sistnemnte har levert elleve metoderapportar til SKUP frå 1999-2019. Journalist i Tønsbergs Blad, Emira Holmøy, har jobba med Tjøme-saka i halvanna år.
- Det er historia om ein liten, men særs attraktiv kommune, der mange frå næringslivseliten har hyttene sine, og avsløringar om korleis det er gjeve tvilsame og uriktige byggjeløyver i strandsona, seier Holmøy.

Eit lesarinnlegg blei starten på ei rekkje saker, som nærmar seg 200 i talet (4). Avisa har avslørt rolleblanding og bindingar mellom sentrale personar, arkitektkontor og byggjesaksavdelinga i kommunen.

Omfattande innsynsarbeid, graving i kommuneplanar og byggjesaksarkiv, flyfoto, samtalar og rapportering frå møter har blant anna bidrege til at politiet har starta etterforsking, som igjen er overteke av Økokrim og at det er oppretta ei eiga eining i den nye, samanslåtte kommunen som jobbar med tilsyn og ulovlegheitsoppfølging.

- Dette handlar om å hindra privatisering av strandsona for å bevara ålementa sin tilgang til den. Det handlar også om folk si tillit til systemet og ei sakshandsaming som ikkje held mål, seier Holmøy.

Journalisten har fått med seg ein journalist til på saka sidan i vår.
- For vår del har dette vore ei klar prioritering, at dette er ei viktig sak, og det har vore ei prioritering frå leiinga om å koma til bunns i saka. Det er ressurssterke aktørar involvert, og då treng ein ei leiing som støttar, seier Holmøy, og held fram:

- Mange avgjerder blir tekne lokalt, og då er det viktig at lokalpressa er på hogget. Det er utruleg viktig for rolla me har i lokalsamfunnet.

 

 

 

 

Metode historisk

Trur på fleire bidrag

I vinter gjekk debatten om rolla til lokalaviser etter ei undersøking frå Nord Universitet (1). Ei innhaldsanalyse av 24 lokale og regionale medier (2) synte at berre fem prosent av det redaksjonelle arbeidet var kritisk eller undersøkande journalistikk. Tomas Bruvik seier det ikkje er mangel på gravande journalistikk i lokalavisene, sjølv om talet på innsendte metoderapportar til SKUP er låg.

- Eg trur aldri det har vore levert betre journalistikk i lokalavisene, og opplever at mange lokalaviser har ulike prosjekt der ein grev i tyngre journalistikk. Det har ikke samanheng med deltaking på SKUP. Om ein ser på prisane som blir utdelt i LLA vil ein finna høg kvalitet og aukande deltaking. Mange er blitt flinkare til å følgja opp saker, og eg trur lokalavisene er på rett veg, seier Bruvik.

Styreleiar i SKUP, Silje Sjursen Skiphamn, tykkjer det er synd at det er få bidrag frå dei mindre avisene.

- Det er ikkje tvil om at me gjerne skulle hatt fleire bidrag og større deltaking frå lokale og små medier, det same gjeld fagpressa, og det er noko me jobbar med. Så veit eg at det er gode initiativ på gong for å få til meir undersøkande journalistikk i lokale og små medier. LLA gjev støtte til dei minste, og Senter for Undersøkande Journalisitkk har ordningar der ein kan få hjelp og støtte til å gjennomføra, så det blir gjort grep. Håpet mitt er at det vil gje utslag i at fleire sender inn bidrag neste år, seier Skiphamn.

 

 

 

 

Småaviser metoderapporter

Samarbeid om graveskule

LLA har prosjektet "Grave lokalt" gåande, og har fått midlar frå Fritt Ord. Ein person jobbar ein dag i veka med å hjelpa lokalaviser med å søkja om midlar og å oppmuntra dei til å driva undersøkande journalistikk.
-  I år har me ei økt torsdagen, i samarbeid med SKUP, i form av ein graveskule i forkant av landsmøtet, seier Bruvik

Blant dei 115 medlemmane i LLA, er det i underkant av ti lokalaviser som har sendt inn metoderapportar til SKUP frå 1999-2018.

- Mange kjenner nok at ein blir veldig liten i den samanheng, men eg trur det hadde vore bra om fleire sendte inn bidrag. Både i 2020 og 2021 blir det ikkje kollisjonar mellom LLA sitt landsmøte og SKUP. Så trur eg også at SKUP må gjera noko for å få lokalavisene til å koma. Kanskje kunne dei delt opp i fleire prisar eller kategoriar, seier Bruvik.

Skiphamn er noko delt når det gjeld forslaget om å dela opp i fleire SKUP-prisar.
- I Sverige har dei Guldspaden, som er delt opp etter medium og storleik, men det inneber at det blir delt ut veldig mange prisar. Me ynskjer at SKUP-prisen og -diplom skal henga høgt, og vurderinga til styret er at ein utvatnar prisen ved å gjera ei slik differensiering. Likevel er eg einig i at det kanskje kunne vore gjort nokre grep for å stimulera fleire av dei små redaksjonane til å senda inn bidrag, seier Skiphamn, og held fram:

- Eg trur folk har litt sperrer, fordi ein føler ein ikkje har sjans og difor ikkje sender inn metoderapport. Slik bør ein ikkje tenka. Rapportane blir publiserte og det er mykje bra metode å læra frå dei som ikkje vinn, og dei kan også fungere som motivasjon. Formålet til SKUP er at journalistar skal læra av kvarandre. Eg kjenner ikkje til andre stadar der ein fortel sine argaste konkurrentar korleis ein jobbar.

https://www.nord.no/no/aktuelt/nyheter/Documents/Blindsoner%20og%20mangfold%20-%20medieforskerkonferansen.pdf

https://www.aftenposten.no/meninger/debatt/i/ng6boB/Lokalaviser-skal-vare-bade-patrioter-og-kritikere--Forskere-ved--Journalistutdanninga_-Nord-Universitet

https://www.glomdalen.no/utgave/glomdalen-sykehuset-vaart/edition/5b47ba7055c8b410fe36e840

https://www.tb.no/sok?query=tj%C3%B8me-saken&offset=1&author%5B0%5D=emira%20holm%C3%B8y&startDate=

På forsiden nå