Av Vilde Gjerde Lied
Etter 31 år som deltakar på SKUP har Lars Helle trådd inn i ei ny rolle. No er han leiar for SKUP-juryen.
Laurdag kveld står han på scena for å avsløre kven som vinn den gjeve prisen.
Den rolla har ein pris:
– Det er vanskelegare å gøyme seg vekk, som eg har prøvd å gjere på SKUP før. Men det er kjekt å vere her, seier han.
Blei advart
Til vanleg er han stabsredaktør i Dagbladet. Helle har aldri vore i juryen før, men han har ikkje har gått ubudd inn i rolla. Han har fulgt med på juryarbeidet i lang tid, og kjenner fleire som har vore i juryen. Men han har tatt fatt på rolle med alvor.
– Du skal ikkje berre lese 52 bidrag. Du skal også sjå, lese og lytte gjennom alle bidraga, seier han.
Etter å ha lest samtlege 52 bidrag til konferansen, kan han konstatere at det står bra til med norsk gravejournalistikk. Ikkje berre i dei nasjonale media, men også i nisjemedia, og i lokal- og regionalmedia.
– Eg blei advart om at det skulle vere så søvndyssande kjedeleg. Det har det eigentleg ikkje vore.
Helle trur ein av grunnane er at folk er flinke til å ta med motstand dei møter i prosjekta. Og dei tørr å kritisere seg sjølv.
- Openheit er ei utfordring
Men det er også deler av rapportane som har vore trist lesing.
Lars Helle ser at det er ei stor utfordring med openheita både i offentlege og i private verksemder.
– Det er nesten litt vondt å sjå all den motstanden mange av prosjekta har møtt, seier juryleiaren.
Difor synest han det er uforståeleg at regjeringa har lagt fram forslag om å endre offentleglova. Den vil at interne dokument delvis eller heilt kan bli unntatt offentlegheita.
– Det er oppsiktsvekkande at ei regjering som er for openheit, klarer å finne på at dei skal gjere dette. Det er noko av det mest ubegripelige eg har sett på lenge. Særleg med tanke på at vi, ved å lese metoderapportane, ser at folk støter på problemet med openheit, seier Helle.
Helles råd: Få med deg metodesesjonane
Juryleiaren seier han vil få med seg det meste av programmet på SKUP. Det er fleire bolkar han er spent på.
Han rådar særleg deltakarane til å få med seg nokre bolkar på konferansen:
Der folk som har sendt inn metoderapport, deler av sine erfaringar.
– Det er ikkje opplagte bidrag som skiljer seg ut, men i samtlege bidrag er det noko kult, noko bra. Nokon har funne på noko eller gjort noko som eg diggar, seier Helle.
– Ein fantastisk dugnad
Heile grunntanken med SKUP er å fremme norsk, undersøkande journalistikk gjennom å dele erfaringar, slik vi kan lære av og inspirere kvarandre.
– Dette er også noko som har gått att i metoderapportane. Dei som har levert metoderapportar i år, er blitt inspirerte av dei som leverte i fjor.
Etter å ha lest samlege metoderapportar, hevdar Helle at SKUP framleis står i rolla si. Fullt ut.
– Det er ein fantastisk dugnad. Det er mange som deler veldig uhemma metodane og erfaringane sine, så folk kan bli inspirerte, seier Helle.
Konkrete eksempel på bra ting han har sett i rapportane, vil han derimot halde for seg sjølv.
Det avslører han laurdag kveld.